Ulstein Entreprenør AS skal bygge for SSR

Illustrasjon

Illustrasjon

Ulstein Entreprenør AS har skrive kontrakt med på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS om hovudentreprisen for byggetrinn 2 i Saunesmarka. Arbeidet omfattar grunnarbeid og oppføring av fleire bygg på SSR sitt område. Kontraktsummen er på kr. 14 205 626.

Vi gratulerer SSR med eit godt val av entreprenør og Ulstein Entreprenør med mykje godt arbeid den komande tida.

Ulstein Betongindustri stør SOS Barnebyer

Jente Facebook.png

Dei tilsette i Ulstein Betongindustri AS (inkl. dotterselskap) har alternativ julegåveordning:  SOS Barnebyer mottek eit beløp tilsvarande det dei tilsette avstår frå. Dette har vore praksis hos Ulstein Betongindustri dei siste åra og ordninga kan anbefalast til andre!

Yttarlegare 2 fôringsflåtar i ordreboka

 
Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrativt foto

Illustrativt foto

Ulstein Betong Marine kan notere seg ordre på yttalegare 2 fôringsflåtar. Begge har produksjonsstart i januar 2018 og begge er bestilte av Marine Construction AS. Ulstein Betong Marine er med dette sikra full dokk til april/mai 2018. Etter sjøseting skal begge flåtane utrustast.

 

Ulstein Betong Marine søkjer etter folk

side01.jpg

Ulstein Betong Marine treng fleire forskalings- og betongarbeidarar. Det skal byggast fleire betongflåtar i dokka den komande tida og det er naudsynt å auke produksjonskapasiteten. Sjå stillingsomtale på "ulsteinbetong.no/ledig stilling".

Ulstein Betong Marine bygger to nye fôringsflåtar

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Ulstein Betong Marine AS har nyleg starta bygging av to store fôringsflåtar i dokka i Haddal. Begge er til vår kunde, Marine Construction AS. Flåtane skal leverast våren 2018. Vi takkar for ordrane!!