betong til alle

Vi leverer dei fleste kvalitetar, dei fleste mengder, dei fleste stadar!

Ulstein Betong har eigen betongblandestasjon i Haddal i Ulstein kommune. Det er produsert ferdigbetong ved denne stasjonen sidan 1965. Jamnlege oppgraderingar av anlegg og fokus på kvalitet for produkt og produksjon har resultert i ein solid posisjon i marknaden.

Stor kapasitet i produksjonen, moderne utstyr for betongpumping og betongtransport sikrar kundane levering av alt frå sprøytebetong til jordfuktig betong i både store og små prosjekt.

Ulstein Betong har pr. dato 3 betongpumpebilar og 7 betongtrommelbilar i drift.
Største pumpa har rekkevidde på inntil 40 meter.

 

 
 

TRYGVE SÆTRE | Tlf.: 70 01 90 57 | Mob.: 902 04 135