Eit viktig steg for klimaarbeidet

Ulstein Betongindustri AS ser mot grønare løysingar

Noreg tek eit historisk steg i klimakampen. Langskip-prosjektet for karbonfangst og -lagring er no sett i drift – eit globalt gjennombrot som viser korleis industrien kan bidra til grøne løysingar.


Karbonfangst og -lagring (CCS) er ein av dei mest lovande metodane for å kutte utslepp frå industrien. Gjennom Langskip blir CO₂ fanga frå industriutslepp, transportert trygt og lagra permanent under havbotnen i Nordsjøen. Prosjektet markerer starten på ei ny tid for norsk teknologi og klimaarbeid.

For oss i Ulstein Betong er dette inspirerande utvikling. Betongbransjen tek store steg for å redusere klimaavtrykket, mellom anna gjennom gjenbruk av materiale, bruk av lågkarbonbetong og lokal produksjon. Langskip viser korleis samarbeid og teknologi kan skape reelle resultat for miljøet.


Les meir om prosjektet på metalsupply.no

Neste
Neste

Film om berekraft