Solid vare

Sikker leverandør i over 70 år

Om Ulstein Betongindustri

01.01.2013 vart alle verksemdsområda i Ulstein Betongindustri plasserte i eigne selskap med eigne styrer, daglege leiarar og tilsette. Dette for å reindyrke dei ulike aktivitetane marknadsmessig, økonomisk og administrativt. Ulstein Betongindustri vart då morselskap i konsernet, med 100% eigarskap i dotterselskapa.

  • Logo for Ulstein Betongindustri AS med tekst "Ustsein Betong & Bygg"
  • Ulstein Marine - Betong
  • Logo til Ulstein Betongindustri AS, med en stor hvit sirkel med rød bakgrunn til venstre, og teksten "ULSTEIN BETONG" i store svarte bokstaver på høyre.
  • Ulstein Entreprenør - logo
  • Ulstein Knuseverk – logo
  • Ulstein Kran & Transport – logo

Tilsette i stab

Ulstein betongindustri

Historisk bilde av aktiviteten i Haddalura. Svart/hvit bilde sett fra lufta.

Historie

Aktiviteten i Haddalura går heilt attende til 1925. Etablering av røykjeri, butikk, post, kaianlegg mv. var fyrste steget... Petersborg, eller "Borja" var eit faktum.

Starten for det som no er Ulstein Betongindustri kom imidlertid noko seinare; med etablering av Moldskred Knusverk i 1955. Sidan då har det vore kontinuerleg aktivitet innafor anleggsbransjen, og etterkvart innafor betong, transport, kran, flåteproduksjon mv. Arven frå 1955 er imidlertid framleis tydeleg, med eigarar og drivarar med direkte familieband til grunnleggarane.

"Hvem bygde fabrikken i fjæren?
Hvem hadde slik storslått idè?
To gründere får dele den æren; Tolleiv og Leiv bør hedres for det."

Seks personer i byggearbeidstøy står gruppe foran byggeplass med fjell i bakgrunnen.

Kundefokus

Krev nytenking og tilpassing i ein marknad som stendig endrar seg. Vi skal vere våkne for nye ynskjer og krav om løysingar og produkt som betrar kundane sine opplevingar. Vi skal samstundes vise evne og vilje til å utvikle organisasjon og vare på ein måte som sikrar overleving og lønsemd over tid.

Fire personer i et møte, sitter rundt et bord med laptops og notatbøker, i et rom med hvite vegger og store vinduer.

Misjon

Utvikling av framtidsretta løysingar i nært samarbeid med våre kundar, skal skape lønsame, varige og utfordrande arbeidsplassar.

Visjon og filosofi

Ulstein Betongindustri skal i si verksemd utvikle, marknadsføre, produsere og levere betong, betongkonstruksjonar og tilleggstenestar som naturleg høyrer med, til ein marknad som verdset kvalitet, funksjonalitet og kundetilpassing.

Organisasjonen skal bygge sitt virke rundt verdiar grunnleggarane la til grunn for sunn og ansvarleg forretningsdrift.

Ønsker du å jobbe hos oss?

Sjå våre ledige stillingar