AKTSAMSVURDERINGAR

Openheitslova

Openheitslova, «Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold», tok til å gjelde frå 01.07.2022. Lova er meint å fremje verksemder si respekt for grunnleggande menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve ved produksjon av varer og tenester.

Lova skal også sikre allmenn tilgang til informasjon om korleis verksemder handsamar negative konsekvensar av brot på grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, der verksemda har skuld eller har bidrege til slikt. Det er krav til offentleggjering av ei utgreiing om dei aktsamsvurderingane verksemda har gjort.

Organisasjon og lokasjon

Ulstein Betongindustri AS er morselskap for 6 verksemder som er heileigde AS og som saman dannar konsernet Ulstein Betongindustri (UBI). Dei seks dotterselskapa er:

Ulstein Betong AS                     (UB)

Ulstein Betong Marne AS           (UBM) 

Ulstein Entreprenør AS             (UE)

Ulstein Kran og Transport AS    (UKT)

Ulstein Knuseverk AS                (UKV)

Ulstein Betong Utbygging AS     (UBU)

I tillegg eig Ulstein Betongindustri AS 50% av Standal Knuseverk AS (Ørsta kommune).

I 2022 omsette Ulstein Betongindustri for kr 180,9 mill. og hadde ein samla balanse på kr 222,3 mill. Konsernet har i underkant av 80 tilsette.

Ulstein Betongindustri har eige industriområde i Haddal, i Ulstein Kommune. Ulstein Betongindustri har all sin produksjon i Norge og marknaden er nasjonal.

Arbeidstilhøve

For alle tilsette er arbeidstilhøve og arbeidsvilkår regulerte av lovverk, arbeidsavtalar, arbeidsreglar og tariffavtale. Alle verksemdene i Ulstein Betongindustri er tilslutta tariffavtale med Fellesforbundet: «Fellesoverenskomsten for byggfag». Både organiserte og uorganiserte arbeidstakarar har vilkår som minst samsvarar med denne avtalen.

Det er etablert systematikk og gode rutinar for HMS-arbeid i konsernet. Tilsette er involverte i dette arbeidet og organ for tilsette sin medverknad er operative.

Innleige, utanlandsk arbeidskraft og arbeidskraft i leverandørkjeda

Innleigd arbeidskraft har like og likeverdige vilkår med eigne tilsette. Det er etablert rutiner for godt samarbeid med innleigefirma og det er praktisert samordning av løn og tariff. Det er pr. dato moderat omfang av innleigd arbeidskraft (2-4 personar).

Blant eigne tilsette og innleigde er det fleire nasjonalitetar. Alle vert handsama likt og har like rettar. Arbeidsspråket til verksemda er norsk. Når naudsynt, vert dokument oversett til relevant språk. Det vert også nytta tolk i spesielle høver.

UBI med dotterselskap har berre norske og i all hovudsak lokale/regionale leverandørar og samarbeidspartnarar.

Aktsamsvurderingar

Konsernet sin visjon, misjon og verdiar er godt etablert og har grunnlag i den tradisjon verksemda er kjent for å praktisere. Desse er ikkje i konflikt med intensjonen og målet med openheitslova. UBI vil vurdere å oppdatere kjerneverdiane til å inkludere meir direkte forventningar og ordlyd frå openheitslova.

UBI har vurdert eigen produksjon og leveranse av tenester opp mot måla i openheitslova: «…respekt for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold…». UBI har gode ordningar og ei grunnleggande målsetning om å ta vare på dei tilsette. Lik handsaming av eiga og innleigd arbeidskraft, når det gjeld lønn og arbeidsvilkår, er sjølvsagt og naturleg for vår verksemd. Det forebyggande og systematiske arbeidet med HMS gjer at den statistiske risikoen for avvik er lav. Mykje av aktiviteten i UBI er i bransjen bygg og anlegg, med risiko for yrkesskade. Det er sterk fokus på minimering av slik risiko.

Det er ei naturleg forventing om at alle våre leverandørar etterlever norsk lov og at openheitslova er kjent for desse. UBI er likevel innforstått med at det kan skje brot på det vi forstår og forventar med grunnleggande menneskerettar og sømelege  arbeidsforhold i forbindelse med produksjon av varer og tenester som inngår i våre produkt. UBI har difor gjennomført vurdering av leverandørar basert på leverandørlister for dei ulike selskap. UBI er konservativ i bruk av leverandørar. Ved val og godkjenning av vil intensjonen i openheitslova verte lagt til grunn. Leverandøren sine haldningar til dette temaet vil vere avgjerande.

Oppfylging etter aktsamsvurderingar

For eigen vareproduksjon og leveransar av tenester vil det framleis vere stor merksemd tematikken i heile organisasjonen. Våre leverandørar må gjere tilgjengeleg informasjon om haldningar og tiltak som skal sikre målet i openheitslova, for å vere aktuelle samarbeidspartnarar for UBI.

Det er ikkje avdekka faktiske negative konsekvensar eller vesentleg risiko for negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve i verdikjeda UBI opererer i.

Tilgang på informasjon

Denne utgreiinga vert gjort tilgjengeleg på Ulstein Betongindustri sine heimesider. Aktsamsvurderingar vil verte gjennomført kvart år og utgreiing om resultatet vil verte oppdatert.

Dersom enkeltpersonar, verksemder eller institusjonar vil ha meir informasjon om korleis Ulstein Betongindustri handsamar negative konsekvensar av brot på grunnleggande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold, kan dei rette spørsmål til: firmapost@ulsteinbetong.no

Alle spurnader om slik informasjon vert registrert og svart på innan to til tre veker.

Denne utgreiinga er signert av styret. Signert kopi kan sendast dersom ynskjeleg.

Haddal, 27 juni 2023

Harald Sætre  

Konsernleiar