Betongarbeidar
Ulstein Entreprenør AS (UE) er ein del av Ulstein Betongindustri konsernet og har i dag 15 tilsette. UE utfører grunn- og betongarbeid i ulike prosjekt som ansvarleg entreprenør eller som underleverandør til andre i bransjen. UE har lang røynsle innafor sine fagområde og har som målsetning å være fleksible, til å stole på og eit naturleg fyrsteval ved neste oppdrag. Grunna stor aktivitet søkjer UE etter fleire betongarbeidar. Arbeidsstad vil være ulike prosjekt i regionen.
Oppgåver
− Forskalingsarbeid
− Armeringsarbeid
− Betongarbeid
− Andre oppgåver knytt til ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
− Røynsle med forskaling- og armeringsarbeid
− Røynsle med betong og betongarbeid
− Gjerne relevant fagbrev
− Røynsle med anna relevant arbeid gjerne frå bygg og anlegg *
− Kunne snakke og skrive norsk
Personlege eigenskapar:
− Fleksibel og løysingsorientert
− Strukturert og ansvarsbevisst
− Lærevillig og likar å arbeide ute med praktisk arbeid *
− God orden, Fokus på kvalitet og presisjon − Fokus på sikkerheit på arbeidsplassen
Vi tilbyr
− Spanande, varierte og utfordrande arbeidsdagar
− Trivelege kollegaer
− Personleg utvikling og opplæring
− Konkurransedyktige vilkår
− Gode pensjonsordningar * den som har erfaring frå anna praktisk arbeid, er lærevillig og engasjert vert også oppfordra til å søke som hjelpearbeidar.
Søknadsfrist – 26.september