Betong

– Eit berekraftig byggemateriale

Visste du at…

✅Betong absorberar CO₂ i heile si lange levetid?

✅Opptil 25% av ulagra utslepp frå sementproduksjon absorberast tilbake av betongen i levetida si.

✅Betong vil bli karbonnegativ når sementproduksjonen til bl.a Heidelberg blir utsleppsfri innan 2030.

Ingenting går tapt

Restar av betong blir brukt til å støype støttemursblokker, så om vi leverte litt for mykje til deg, så nyttar vi resten til andre produkt, kvar einaste gong.

Når vi vaskar bilane gjer vi dette både med og utan bruk av vatn. Vi nyttar tørrvask og produserar pellets av betongrestane. Pellets av betong kan være eit dekorativt og funksjonelt produkt på lik linje med singel, og kan også brukast til produksjon av ny betong.

Vatnet vi brukar tek vi hand om og rensar. Vi sedimenterar det organiske i eit sedimenteringsbasseng, rensar vatnet og nyttar så mykje vi kan av dette tilbake i betongproduksjonen.

Oversikt over byggeplass med store hvite betongblokker eller prefabrikkerte elementer stablet opp, og en liten slede med hjul og en person som kjører den.

Vi køyrer på biodiesel

Vi gjennomfører ein overgong frå fossil diesel til bio-diesel. HVO100-diesel er hydrogenert vegetabilsk olje. Produsert frå 100% restråstoff frå slakteri. Eit avfall som blir omdanna til ein nyttig ressurs, som gjer at våre bilar vil ha over 90% redusert CO2-utslepp samanlikna med bruk av fossil diesel.

En mann i arbeidsklær og hjelm som jobber med trearbeid på en byggeplass, med en rød Volkswagen varebil i bakgrunnen.

99 % gjenvunne metall i armeringa

I vår betong nyttar vi armeringsmateriale der 99% av materialet er gjenvunne metall. Materialet kjem til oss i store kvanta med båt, slik omgår vi omlasting og forureinande mellomfrakt langs vegane.

En arbeidende mann på byggeplass, iført høy synlig vernedrakt og hjelm, som jobber med å bøye armeringsjern.

Gamle bildekk får nytt liv

Mange hundretals bildekk blir årleg ombrukt til funksjonell fendring av våre flytande betongobjekter. Ombruk som er bra både for tryggleiken og miljøet.

En rød brannbil som kjører ut av en garasje i en industriell bygning, med en betongvegg og noen containere i bakgrunnen.

Våre miljøtiltak

Få eit nærare innblikk i vårt fokus på miljø, berekraft og utvikling i kvardagen.

Klar for å starte ditt neste prosjekt?

Ta kontakt