Ulstein knuseverk søkjer anleggsmaskinførar
 

Ulstein Knuseverk AS (UK) er ein del av konsernet Ulstein Betongindustri og har i dag 4 tilsette.
Ulstein Knuseverk AS har eige pukkverk lokalisert på Kvalneset i Ulstein kommune. Eit moderne anlegg tillet produksjon av dei fleste fraksjonar av fyllmassar som pukk, singel og sand. Maskinparken har kapasitet til å handtere store mengder masse både i produksjon og utlevering. UK søkjer etter anleggsmaskinførar for drift og interntransport av masser.

Anleggsmaskinførar


Oppgåver og ansvar

• Delta i drift av knuseverket

• Maskinarbeid etter behov

• Interntransport av masser

• Problemløysing og reparasjonar

Ønskte kvalifikasjonar

• Røynsle frå knuseverk og transport av masser

• Røynsle frå bygg og anlegg

• Kompetansebevis i relevante maskinklasser

Personlege eigenskapar

• Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig

• Fleksibel og løysingsorientert

• Struktur og god orden

• Evne til god kommunikasjon

Vi tilbyr

• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsdagar

• Trivelege kollegaer

• Personleg utvikling

• Konkurransedyktige vilkår

Spørsmål om stillinga kan rettast til Kai-Ove Nesset 469 19 932

Søknad skal sendast pr. e-post til: eli@ulsteinbetong.no

Søknadsfrist 15.04.2023

Last ned utlysingstekst her >