boots-19404_1280.jpg
vinkel3_v3.jpg
construction-646460_1280.jpg
architecture-983920_1920.jpg
boots-19404_1280.jpg

Solid vare


Sikker leverandør i over 60 år.

Kontakt oss

SCROLL DOWN

Solid vare


Sikker leverandør i over 60 år.

Kontakt oss

 

FerdigBetong

Ulstein Betong produserer, transpoterer og pumper ferdigbetong av flere kvaliteter.


b_title_marine_01[1].jpg

Marin betong

Ulstein Betong Marine produserer flytende betongkonstruksjoner til marine miljø.


 

Utbygging

Ulstein Betong Utbygging tilbyd tomter for bygging og leiligheiter for sal.


Entreprenør

Ulstein Entreprenør utfører grave- og betongarbeid av alt slag.


 

Kran & Transport

Ulstein Kran & Transport lyftar og flyttar stort og smått.


Knuseverk

Ulstein Knuseverk produserer og leverer masser i fleire fraksjonar.


vinkel3_v3.jpg

i arbeid


Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med grunnarbeidet i prosjekt Gjerdegata: eit leiligheitsbygg i 4 etg. og parkeringskjellar. Over helvta av leiligheitene er no selde. Prosjektet er i regi av Ulstein Betong Constructer AS, eit samarbeidsselskap eigd av Ulstein Betong Utbygging AS og Constructer AS.

i arbeid


Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med grunnarbeidet i prosjekt Gjerdegata: eit leiligheitsbygg i 4 etg. og parkeringskjellar. Over helvta av leiligheitene er no selde. Prosjektet er i regi av Ulstein Betong Constructer AS, eit samarbeidsselskap eigd av Ulstein Betong Utbygging AS og Constructer AS.

Arbeid utført

Etter mange år i bransjen vert lista over prosjekt omfattande. Mykje stort og mykje smått har vi bygd, levert til eller delteke i.

Det er sjeldan "vi tek oss vatn over hovudet"... Vi likar utfordringar og har tilsette som er i stand til å handtere dei. Vi stiller med rett utstyr til oppdraget...

Flytande betongkonstruksjonar er største einskildsaktiviteten i konsernet. Ulstein Betong Marine har pr. dato bygd over 115 objekt, med smått og stort, sidan 1988. Største delen er fôringsflåtar til havbruksnæringa, dei største med totalvekt på over 2.500 tonn. Det vert også bygd hurtigbåtkaier, flytemoloar og andre kaityper ved verksemda. Marknaden er i hovudsak nasjonal.

Ulstein Betong, Ulstein Entreprenør, Ulstein Knuseverk og Ulstein Kran & Transport opererer i ein lokal/regional marknad med sine produkt og tenester. I større eller mindre grad er Ulstein Betongindustri sine selskap leverandørar i svært mange byggeprosjekt i kommunane på ytre søre Sunnmøre.

Moderne utstyr og dyktige medarbeidarar sikrar gode produkt og gode tenester til kundar med strenge krav til leveringstid og kvalitet.

 
construction-646460_1280.jpg

Mannskapet


Vår største ressurs er folka våre.

Bli ein av oss

Mannskapet


Vår største ressurs er folka våre.

Bli ein av oss

Helse

TRIVSEL I KVARDAGEN

Det er flest kvardagar. Dersom ein ikkje trivst då, vert heller ikkje fridagane bra. Å syte for motivasjon, god helse og meiningsfullt arbeid er derfor eit mål. Dette er ei oppgåve for fleire, men arbeidsgivar og kollegaer har ein viktig funksjon: Legg til rette for at dei rundt deg får ein god arbeidsdag! Det har alle glede av.

Miljø

TILTAK FOR ETTERTIDA

Våre handlingar set spor i omgivnadane. Våre haldningar avgjer om spora er godt synlege eller mindre synlege, positive eller negative. Kunnskap og evne til omsut for eigne og andre sine interesser skal til ei kvar tid leggast til grunn for framferda vi syner. Ved feilsteg pliktar vi oss til å ordne opp for umaken vi har skapt.

Sikkerheit

TRYGG KJENSLE

Det meste har ein risiko ved seg. Målretta arbeid for å kontrollere risikoen ved arbeidsoppgåver skal ha stor merksemd. Ingen skal kjenne på utryggheit for liv og helse i samband med arbeidet. Kundar av våre produkt og tenester skal på same vis kjenne tryggheit i bruk og omgang med våre leveringar.  

architecture-983920_1920.jpg

Visjonen


"Eit naturleg fyrsteval"

MISJON

Visjonen


"Eit naturleg fyrsteval"

MISJON

EIT NATURLEG FYRSTEVAL

har grunnlag i mål om at eigarar, styre, leiarar og tilsette skal stelle seg slik at det er naturleg for kunden å vende seg til oss, handle med oss og å kome attende til oss for levering av dei varer og tenester vi til ei kvar tid tilbyd i marknaden.

Herda fakta


Litt om mykje...

 

Herda fakta


Litt om mykje...

 

1 kbm. ferdigbetong kan vere samansett slik diagrammet viser.

For kvaliteten på betongen er bl.a. mengda vatn i høve til mengda sement ein kritisk faktor. Det er viktig at det er nok vatn til at all sementen vert gjort om til limstoff som herdar. Dersom det for eksempel er svært varmt når det vert støypt, kan vatnet fordampe ut av betongen. Då vil det verte liggande unytta sement i massa, som ikkje herdar. Det vil gjere betongen svakare enn den skulle vere.