Ei flytande servicekai i betong kan stette mange behov knytt til båtanløp. Anten funksjonen skal vere rutebåtanløp for persontransport og/eller gods, ytingar til fritidsbåtar og/eller yrkesbåtar, liggeplass for servicebåtar eller anna, er våre produkt eit naturleg fyrsteval! Ulstein Betong Marine har til no bygd 160-170 flytande betongkonstruksjonar til ulike formål. Lang røynsle og høg produktkvalitet gir god sikkerheit for produkt og løysingar.

 

Teikning og prosjektering

Vi utfører teikning og prosjektering etter dei funksjonar og ytingar kunden ynskjer, med utgangspunkt i standardløysingar. Vi samarbeider med selskap som har lang røynsle i sjøentreprise og syter dermed også for posisjonering og ankring av flytekaia, etter analyser av vind- og sjøtilhøve. Løysingar for landgang og ev. samvirke med andre installasjonar vert også teke i vare.

 

Areal på og under dekk

Våre flytande betongkaier har stort dekksareal, der det kan leggast til rette med gode løysingar for logistikk og servicefunkjsonar. Stabilitet i sjøen og tilpassa flytehøgde gir gode vilkår for anløp og aktivitet. God oppdrift og stort volum i skroget tillet installasjonar for ytingar av mange slag, alt etter kva funksjonar servicekaia skal innehalde. Sikkerheita er teken i vare med naudutgangar, alarmar, pumper, vasstette luker og skott. Ventilasjon, isolasjon, lys og innreiing elles vert tilpassa den standarden kunden ynskjer.

 

Fleksibilitet og minimale inngrep i strandsona

Ei flytekai krev minimale inngrep i strandsona, i motsetnad til ei landkai. Eit landingspunkt for landgangen er stort sett nok. Dette gjer ofte prosessane rundt løyver frå offentleg mynde enklare, i tillegg til at synlege spor etter inngrep i naturen vert små. Ei flytekai kan også flyttast! Endringar av infrastruktur eller behov tillet reposisjonering av kaia, eller flytting til heilt ny lokasjon. Dersom grunnlaget for drift fell bort, kan den til og med selgast! I alle høver vil området enkelt kunne førast attende til opprinneleg status.