Pukk, singel og sand

Vi leverer gjerne masser til fylling i gropa, til planering eller til grusing av vegen. Vår kapasitet tillet store eller små leveringar.

Ulstein Knuseverk har eige pukkverk lokalisert på Kvalneset i Ulstein kommune. Eit moderne anlegg tillet produksjon av dei fleste fraksjonar av fyllmasser som pukk, singel og sand. Kubiseringsknusar gir god kvalitet på rørsingel og gode drenerande eigenskaper for veigrus. 

Forekomsten på Kvalneset gir også noko mengde naturstein til muring (murestein). 

Til einskilde anleggsprosjekt vert det også levert samfengtmasse og storstein for oppbygging av terreng. 

Konsesjon og reguleringsplan tillet uttak frå eit 120 daa stort felt i fjellsida på Kvalneset. Berekna uttak i dette området er ca. 1.500.000 m³ fast fjell dei komande åra. Det vert etterkvart også lagt til rette for deponering av masser i avslutta uttaksområde. 

Maskinparken er relativt ny og har kapasitet til å handtere store mengder masse både i produksjon og utlevering. 

 

 
 

KAI-OVE NESSET | Mob.: 46919932