betong til alle

Vi leverer dei fleste kvalitetar, dei fleste mengder, dei fleste stadar!

Ulstein Betong har eigen betongblandestasjon i Haddal i Ulstein kommune. Det er produsert ferdigbetong ved denne stasjonen sidan 1965. Jamnlege oppgraderingar av anlegg og fokus på kvalitet for produkt og produksjon har resultert i ein solid posisjon i marknaden.

Stor kapasitet i produksjonen, moderne utstyr for betongpumping og betongtransport sikrar kundane levering av alt frå sprøytebetong til jordfuktig betong i både store og små prosjekt.

Ulstein Betong har pr. dato 2 betongpumpebilar, 2 kombibilar (pumpe/betongtrommel) og 5 betongtrommelbilar i drift.
Største pumpa har rekkevidde på inntil 40 meter.

RECON STØTTEMUR

Ulstein Betong produserar Recon støttemursblokk i Haddal

Recon støttemursblokk vert produsert på lisens frå ReCon Wall Systems, Inc i USA. Blokkene er produsert med høgkvalitets betong og er dimensjonerte for muring av tunge og store støttemurar. Formatet og fasadeoverflata har imidlertid vist seg å vere svært populært også for mindre støttemurar. Blokkene er svært rasjonelle og enkle å stable med kran eller gravemaskin.

Pr. dato har Ulstein Betong kapasitet til produksjon av 9-10 000 blokker pr. år (4-5 000 kvm). Fasadeformatet er 120x40 cm og djupta varierar etter kor tunge blokker som skal nyttast i muren. Vekta på standardblokker er frå 600 - 1200 kg. Det kan også produserast tyngre blokker. Ulstein Betong produserar i hovudsak blokker med fasadestruktur av typen “Limestone”.

Ta kontakt eller sjå meir info her>

 

 
 

TRYGVE SÆTRE | Tlf.: 70 01 90 57 | Mob.: 902 04 135