Ulstein Betong Utbygging (UBU) er i ferd med å utvikle ein moderne og spanande einebustad i 2 etg. “UBU 1” er eit kompakt hus med stramme liner og nøktern materialbruk. Reine betongveggar, lunt treverk og lys gjennom store vindauger pregar “mikrofunkisen”. Nærleiken til naturen og omgivnadane er påfallande.

Arkitektur og materialval

UBU1 er ein moderne bustad med god funksjonalitet og varige kvalitetar - ein funkis i moderat storleik. Stilen er skandinavisk minimalisme med varme undertonar. Stramme liner og reine flater i betong, blankt glas og lyst treverk gir eit vakkert, svalt og naturleg preg. Lyset strøymer fritt gjennom huset og gir ei herleg kjensle av å vere ute - inne.

Compact Living

Over to etasjar romar huset stove og kjøken i opa løysing, tre soverom, bad og buder. Med sine effektive 108 kvadratmeter tangerar dette inn mot trenden “compact living”, der berekraft og god nytting av plass og ressursar er sentralt. Med store vindauger framstår huset med god romkjensle. Luftige altanar i begge endar git ei forlenging av opphaldsroma - ekstra fint på varme sommardagar.

Inn på bustadmarknaden med UBU1

UBU1 kan vere ein døropnar inn i ein pressa bustadmarknad. Fokus på arkitektur, standardiserte løysingar og materialval sikrar god funksjonalitet og høg standard til konkurransedyktig pris. Fasadane, hovudsakleg i glas og betong, gir låge vedlikehaldskostnadar og lang levetid.

Vil du vite meir om UBU1?

Kontakt Ulstein Betong Utbygging, ved Harald Sætre, på tlf. 913 18 358 eller på epost harald@ulsteinbetong.no