Ulstein Entreprenør AS (UE) er ein del av konsernet Ulstein Betongindustri. UE hadde i 2021 ein omsetnad på omlag kr. 42 mill. og har i dag 13 tilsette. UE utfører grunn- og betongarbeid som ansvarleg entreprenør eller som underleverandør til andre i bransjen. Selskapet har sentral godkjenning for relevante fagområde. UE søkjer no etter ein prosjektingeniør for allsidige oppgåver innafor Ulstein Entreprenør AS sitt ansvarsområde og eller i konsernet.

Ingeniør Anlegg

Oppgåver og ansvar

• Anleggsleiar/Prosjektleiar

• Ansvar for prosjekt frå kalkyle til ferdigstilling innan betong og grunnarbeid

• Oppfølging av HMS, økonomi og kvalitetssikring

• Delta i leiinga av selskapet

Ønska kvalifikasjonar

• Relevant og allsidig røynsle frå bygg og anlegg

• Utdanning innan bygg og anlegg frå ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule

• Røynsle med anbodsrekning og prosjektering

• Røynsle med landmåling og maskinstyring

• Interesse for systemtekniske løysningar og forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

• Evne til å ta ansvar og initiativ

• Fleksibel og løysingsorientert

• Bidra til eit godt arbeidsmiljø

• Strukturert og god orden

• Evne til god kommunikasjon

Vi tilbyr

• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsdagar

• Personleg utvikling og karrieremoglegheiter

• Eit uformelt og engasjert fagmiljø

• Trivelege kollegaer

• Konkurransedyktige vilkår

Spørsmål om stillinga kan rettast til Jørund Reite, tlf. 957 25 901

Søknad skal sendast pr. e-post til: eli@ulsteinbetong.no

Søknadsfrist 30.09.2022

Last ned stillingsomtale her >