Det skjer i Ulstein Betong Marine! For få dagar sidan vart Ulsteinflåte (UF) nr. 113 sendt av garde. Dette er den 77. oppdrettsflåten i rekkja, og er ein "hesteskoflåte" med nyttelast på 700 tonn. På hovudplanet er det 4 lugarar, 2 bad, stove/kjøken og kontrollrom. I underetasjen er det trimrom. Flotte fasilitetar for dei som skal arbeide om bord. Vi ynskjer kunden lukke til med ny-investeringa!