F.v.: Tor Andrè Storås (Grønholm AS), Asbjørn Tronstad (UBM) og Daniel Storås (Grønholm AS).

«Eg ser for meg at å investere i ei flytande kai er mindre risikofylt og meir fleksibelt enn å investere i ei fast kai. Ei flytekai er mogleg å flytte om ein ynskjer å selje, og det er truleg ikkje vanskeleg å bytte ut eller bygge på om ein treng ei større kai.»

Det var ein av fleire kommentarar då Ulstein Betong Marine inviterte til presentasjons- og demonstrasjonsdag av den nye fiskerikaia som dei har utvikla i samarbeid med fiskebåtreiarlaget Grønholm ifrå Herøy kommune.

- Målet med demonstrasjonsdagen var å begeistre og fyre i gang interessa ifrå potensielle brukarar, og å få tilbakemeldingar som kan hjelpe oss ta med oss konseptet vidare i marknaden, seier dagleg leiar Asbjørn Tronstad i Ulstein Betong Marine. Målgruppa var fiskarar og fiskebåtreiarlag med fiskebåtar under 15 meters lengde.

- Ut i frå tilbakemeldingane her lokalt er marknadspotensialet tydeleg, og truleg også langs heile Norskekysten. Det som var litt overraskande er at dette også ser ut til å vere til nytte for større fartøy, kanskje heilt opp i mot 70 meters lengde. Det skal vi sjå nærare på etter kvart, seier Tronstad. Her er nokre av kommentarane knytt til større fartøy:

«Dette kan vere eit aktuelt konsept for pelagiske trålarar på 65 -70 meter. Med ei dobbelt så lang flytekai kan ein legge eit fartøy på kvar side, men da må det dimensjonerast for det, kanskje inkludert trimmetankar for å kompensere for tyngda på bruket.»

Etter at Ulstein Betong Marine hadde presentert konseptet fortalte dagleg leiar Tor Andrè Storås i Grønholm om deira forventningar og planer med kaia.

Grønholm-reiarlaget hadde i utgangspunktet planlagt for å bygge ei kai på land, men sette planane på vent for å høyre meir om konseptet då Ulstein Betong Marine foreslo at dei heller skulle sjå på moglegheitene i ei flytande fiskerikai. No har Grønholm tatt over prototypen på 20 meters lengde og seks meters breidde, og er klare for å utruste den heime i Herøy.

- Vi skal ikkje handtere eller lagre fisken på kaia. Det er handtering av vegn og utstyr til og frå land som er svært tungvint i dag. Med ei flytekai med plass til båt, vegn og utstyr så slår vi «fleire fluger i ein smekk». Her har vi nok plass til vegn og utstyr for dei fire båtane våre. Ei slik løysing bør vere så enkel som mogleg, med minst mogleg sjansar for å hekte på kantar og liknande, seier Storås.

Dei som møtte opp fekk høyre om moglegheiter for variasjonar på lengde, breidde og utrustning, og etter kvart fekk dei kome om bord i den nye flytekaia som no skal bli fiskerikai på Remøy i Herøy.

Her er nokre av kommentarane undervegs:

«Ein kan legge til på begge sider av flytemoloen, det vil seie at 20 meters lengde tilsvara 40 meter kaiplass.»

«Om du har bruk for volumet i kjellaren så er dette et attraktivt produkt. Her får ein alt i ett.»

«Ein luksus å fortøye til ei flytebrygge i staden for ei kai der det ofte er tre meter høgdeforskjell. Det vil gjere det tryggare og enklare ved at ein unngår høgdeforskjell ved flo og fjøre.»

«Same søknadsprosess som når ein skal anleggje eit flytebrygge-anlegg. Ein enklare, kortare og rimelegare prosess enn om ein skal få løyve til å bygge ei fast kai.»