side01.jpg

01.12.2020 vart Jørund Reite tilsett som ny dagleg leiar i Ulstein Entreprenør AS. Jørund Reite har utdanning innafor fagområdet anleggsteknikk frå Teknisk Fagskule og høgskulestudium i administrasjon og leiing. Han har dei siste åra vore tilsett i Veidekke Industri AS, periodevis som avdelingsleiar, prosjektleiar og teknisk leiar. Han har tidlegare mange års røynsle frå bygge- og anleggsverksemd, bl.a som produksjonsleiar og prosjektleiar for større byggeprosjekt i NCC Eeg-Henriksen Anlegg AS og i PEAB.

Jørund Reite er 56 år, gift, og har 3 born. Han er busett på Lauvstad i Volda kommune.

Ulstein Entreprenør AS og Ulstein Betongindustri AS ynskjer Jørund velkomen i selskapet og i konsernet, og ser fram mot eit godt samarbeid og positiv utvikling av verksemdsområdet han er tilsett for å leie.