Recon er støttemur for dei store oppgåvene. Muren vert bygd opp av betongblokker med “not og fjær” og er eit svært effektivt alternativ til andre murløysingar. Med god planlegging og godt førebudd grunnarbeid kan det murast 15-20 kvm. i timen.

Estetikk du vil ha!

Ein støttemur bør ha utsjånad og utforming som passar til omgivnadane og gir eigedomen eit tiltalande preg. Recon har storleik, overflate og blokkvariantar som gir stor fleksibilitet og dermed godt tilpassa løysingar for dei fleste prosjekt.

Yting du ha!

Støttemurar skal ofte løyse eit problem, eller skape noko nytt i terrenget. Recon gir deg ei solid løysing, som kan etablerast raskt og effektivt. Støttemurar med Recon krev ikkje betongarbeid og armering, og kan dermed lett endrast om det er naudsynt. Dimensjonen og vekta på blokkene tillet murar med høgder opp mot 4 meter, utan særskilde tiltak.

Kvalitet du krev!

Recon er produsert av ferdigbetong av høg kvalitet. Ein støttemur skal ha lang levetid, sjølv om den står i eit krevande miljø. Recon toler det meste av ytre påkjenningar. God planlegging, rett prosjektering og korrekt oppføring gir tryggleik for eit stabilt murverk som varer.




Ta kontakt:

Recon vert produsert på lisens frå Recon Wall Sytems Inc. (USA). Ulstein Entreprenør AS produserer og lagerfører murblokkene i eige anlegg i Haddal (Ulstein kommune). Dersom som du har eit prosjekt som krev støttemur av noko slag: Ta kontakt for drøfting av utforming, estimering og pristilbod. Vi teiknar muren i 3D for god illustrasjon av prosjektet.

Produktansvarleg: Karl-Oskar Moldskred Tlf.: 994 10 465 Epost: karl@ulsteinbetong.no